Hopp til innhold

Ferje krasja i kaia

Ferja som går mellom Eidsdal og Linge støtte saman med kaia etter eit teknisk havari. Det var sju passasjerar om bord. – Verken passasjerane eller mannskapet kom til skade, seier Kristin Øverås, som er operativ leiar i Fjord1. Det var ein liten samanstøyt og difor reknar ho ikkje med at skadane på ferja skal vere store. Sambandet er innstilt. Det same er nabosambandet Stranda-Liabygda, fordi den ferja skal hjelpe bilane i land.

Ferja Geiranger mellom Eidsdal og Linge krasja i kaia
Foto: tipsar