Hopp til innhold

Sigrid med på ny versjon

Sigrid Solbakk Raabe frå Ålesund er ein av mange verdskjente artistar som syng på den nye versjonen av Foo Fighters låten «Times Like These» på BBC Radio 1. Der får ho selskap av artistar som Dua Lipa, Chris Martin frå Coldplay og Rita Ora. Inntektene frå låten skal gå til veldedige organisasjonar. – Det er fint å vere ein liten del av ei god sak, skriv Sigrid på Instagram.