Hopp til innhold

Koronakrisa skaper utfordringar

Friomsorgen har store utfordringar med å følgje opp tilsyn med lauslatne og dei som soner med fotlenke, og dei manglar heilt oppdrag til domfelte som soner samfunnsstraff. Koronapandemien gjer det vanskeleg å ha kontroll når telefonen blir viktigaste hjelpemiddel, seier friomsorgsleiar i Møre og Romsdal Annhild Viken Sunde. – Vi har ingen gruppeaktivitetar og det er veldig vanskeleg å få oppdragsgivarar fordi Noreg står stille. Vi har faktisk ikkje sett i verk ein einaste samfunnsstraff sidan 12.3, seier ho. Hustad fengsel har meir enn halvert talet på innsette og har innført einerom for alle for å takle koronasituasjonen.

Annhild Viken Sunde er leder i Friomsorgen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK