Hopp til innhold

Protesterer mot anlegg

Ordførarane i Gjemnes, Sunndal og Tingvoll, i tillegg til fylkesordførar Tove Lise Torve, protesterer mot at reguleringsplanen for gjenvinningsanlegget på Raudsand vart godkjend tidlegare i mars.

I eit felles brev skriv dei at følgjene av anlegget ikkje er godt nok utgreidd og at interessene til motstandarane av anlegget er sett til side.

I brevet blir det hevda at godkjenninga er gjort på sviktande grunnlag. Konsekvensane er vurderte i eit tiårs-perspektiv og ikkje hundre år fram i tida, heiter det i brevet

Raudsand planar
Foto: Bergmesteren/Stena Recycling

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL