Hopp til innhold

Ein person innlagd i Kristiansund

Ein person er innlagd ved Kristiansund sjukehus med koronaviruset. Dette er den første pasienten som blir innlagd i Kristiansund på grunn av viruset. – Tilstanden skal etter forholda vere god, seier klinikksjef Åge Austheim ved Kristiansund sjukehus. Pasienten kom nyleg heim frå England og har vore i heimekarantene sida heimkomst. Kristiansund kommune har gjennomført smittesporing som viser at dei har full kontroll på smittesituasjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL