Hopp til innhold

Gravferder held fram som normalt

Kyrkjene i Møre bispedømme skal så langt som mogleg halde fram med gravferder. Det seier biskop Ingeborg Midttømme. Strenge smitterestriksjonar gjer at berre ti til tolv pårørande får delta på seremoniane framover. Midttømme meiner det ikkje er ei god løysing å utsette gravferdene til etter koronautbrotet. – Eg trur det er bra at pårørande ikkje må vente lenge. Og så er det mogleg å gjere opptak slik at dei som ikkje er til stades kan sjå det seinare, seier biskopen.

Ingeborg Midttømme
Foto: Øyvind Sandnes / NRK