Hopp til innhold

Eitt år sidan «Viking Sky»

I overkant av 1300 menneske om bord i «Viking Sky» var i livsfare då cruiseskipet fekk motorstans i full storm over det farlege havstykket Hustadvika for eitt år sidan i dag. Skipet var svært nær å gå på grunn og konsekvensane kunne blitt katastrofale. Evalueringsrapporten frå hendinga peika blant anna på at kommunikasjonen mellom dei ulike aktørane som var med i redningsaksjonen burde ha vore betre. Dei frivillige som stilte opp under redningsaksjonen fekk spesielt mykje skryt frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Også ordføraren i Hustadvika kommune, Tove Henøen, seier dei frivillige var avgjerande for at den kommunale beredskapen fungerte som den gjorde.

Tove Henøen, ordfører i Fræna og fylkespolitiker for Senterpartiet.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL