Hopp til innhold

Stor interesse for alpeosten

Osten som skal erstatte Jarlsberg frå Tine i Elnesvågen, alpeosten, gjer det mykje betre enn venta og er på veg inn på den amerikanske marknaden utan eksportstøtte. Produksjonen av alpeosten er dobla sidan starten og kan nå 300 tonn på årsbasis etter at osten no er ute i dei fleste norske daglegvarekjedene. Meierisjef Svein Arne Bjørgum seier han er overraska over den store interessa frå USA for alpeosten.

Alpeost fra Tine i Hustadvika
Foto: Gunnar Sandvik / NRK