Hopp til innhold

Fryktar for kvaliteten

Helse Møre og Romsdal legg for mykje vekt på å få ned ventetida innan psykiatrien, noko som kan føre til at kvaliteten på behandlinga går ned. Det meiner Siri Næs (bildet), føretakstillitsvalt i Norsk psykologforeining. Også Eva Britt Longva, lokallagsleiar i Landsforeininga for pårørande innan psykiatrien, trur kortare ventetid vil gå utover kvaliteten i behandlinga. Klinikksjef Karl Arne Remvik i Helse Møre og Romsdal, seier planen for å få ned køane ikkje skal ramme pasientar som får behandling. Styret i Helse Møre og Romsdal skal behandle forslaget om psykiatriplan i dag.

Siri Næs
Foto: Terje Reite / NRK