Hopp til innhold

Betre økonomi

Økonomien i Helse Møre og Romsdal kan sjå ut til å vere på betringens veg, sjølv om sjukefråveret framleis ligg på 8,5 prosent.

Etter fleire år med underskot månad etter månad, viser rekneskapen for januar eit overskot på 100.000,- kroner.

Sjukefråveret i helseføretaket skapar framleis eit behov for innleige av arbeidskraft og overtid. Forbruket av overtid var for januar på 18.165 timar. Dette er 835 fleire timar enn i januar i fjor. Likevel er den samla bemanninga gått ned med 104 månadsverk samanlikna med januar i fjor. I denne situasjonen har Helse Møre og Romsdal brukt 700.000,- mindre i lønskostnader i januar 2020 enn det som var budsjettert.

To av sju klinikkar har høgare inntekter enn budsjettert. Samla sett har føretaket inntekter i januar som ligg to millionar kroner under budsjett.

Ålesund sykehus innkjøring
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL