Hopp til innhold

– Respekter at brua er stengt

Byggeleiar Eivind Voldsund ber folk respektere det når Dragsundbrua i Herøy er stengt. Plogen på brøytebilen er så brei at den kjem over i motsett køyrefelt, og i tillegg er brua bratt og uoversiktleg. Då skaper det trafikkfarlege situasjonar når andre bilistar ikkje tar omsyn til dei blinkande varselskilta, seier Voldsund, som viser til at ventetida er berre eitt minutt.

Når brøytebilen køyrer Dragsundbrua må annan trafikk vente.
Foto: Mesta AS