Hopp til innhold

Hurtigruten må betale erstatning

Hurtigruten må betale erstatning på 21 000 kroner etter at eit reisefølge ikkje fekk sjå Geiranger som planlagt. Det skriv nettstaden The travelinspector. Det er Pakkereisenemnda som har avgjort at reisefølget på bør få erstatning fordi dei ikkje fekk sjå Geiranger frå hurtigruteskipet Midnattsol. Turen gjekk i vasken på grunn av motorproblem. Ein feil frå Hurtigruten si side gjorde også at følget ikkje fekk brukt sin plan B for å sjå Geiranger.

Fossevandring i Geiranger
Foto: Lena Høyberg / NRK