Hopp til innhold

Teier om turistskatt

Venstre, som gjerne vil innføre turistskatt i Noreg, har tatt over Næringsdepartementet. I Venstres partiprogram heiter det at partiet vil «leggje til rette for at kommunar som ønskjer det kan innføre turistskatt». Turistskatt er derimot ikkje nemnd i regjeringsplattforma, og Nybø vil ikkje svare Stavanger Aftenblad på om ho vil vidareføre forgjengar Torbjørn Røe Isaksens (H) politikk, eller om ho vil leggje seg på Venstres linje. Nybø viser til at eit forslag om turistskatt no er under utarbeiding på Stortinget. «Statsråden ventar på innhaldet i dette før ho tar stilling til saka». Jan Ove Tryggestad (Sp), meiner ein turistskatt er heilt nødvendig for Geiranger.

Geiranger
Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL