Hopp til innhold

Blir færre grisebønder

Etter fleire år med overskot på svinekjøt, viser prognosane at det i år blir underskot. Likevel er det fleire grisebønder som ikkje vil meir. Fire grisefarmar i Møre og Romsdal sluttar med gris, dermed er det berre rundt 40 grisebønder att i fylket. – Eg er uroa for at miljøet krympar, seier grisebonde Jan Edvin Hoem i Gjemnes.

Grisebonde Jan Edvin Hoem på Hoem i Gjemnes.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK