Hopp til innhold

Konkurransen hardnar til

Norske skipsverft opplever hardare konkurranse frå utlandet. I fjor var den samla verdien på nye kontraktar ved skipsverfta åtte milliardar kroner, og det er ein nedgang på 43 prosent i forhold til gjennomsnittet for dei siste fem åra. Seniorøkonom Anders Helseth i konsulentselskapet Menon seier god kompetanse og billegare arbeidskraft er årsaka til konkurransen.

Skipsverft
Foto: Christiansen, Ole / NTB scanpix