Hopp til innhold

Trur dei kan vere sterke aleine

Ordførar i Gjemnes, Knut Sjømæling (Sp) trur det er positivt for kommunen å stå aleine, sjølv om dei er omgitt av to sterke bykommunar, Kristiansund og Molde. – Vi får stadig nye oppgåver og det utfordrar oss, men per i dag løyser vi det på ein god måte, seier Sjømæling. Ordføraren meiner at kommunen greier å vere attraktiv nok. – Vi har hatt ei folketalsutvikling og det er ein milepæl for oss. Men den må halde fram om det skal vere liv laga, seier han.

Knut Sjømæling
Foto: Tore Ellingseter / NRK