Hopp til innhold

Blir medlem av De historiske

Hotel Union Geiranger har fått innvilga medlemskap i organisasjonen De historiske hotel og spisestader, og er blant 9 av 46 søkarar som blei godkjent, ifølgje ei pressemelding. For å få medlemskap krev det eit medvite forhold til vertskapsrolla, der historieforteljing dannar ramma for opplevingane innan overnatting og gastronomi, skriv organisasjonen på heimesidene sine. Frå før av er Hotel Brosundet i Ålesund med.

Hotel Union Geiranger
Foto: Lena Høyberg / NRK