Hopp til innhold

Satsing på berekraft

Satsinga på å byggje berekraftige kommunar og eit berekraftig fylke blir viktig i arbeidet for å få unge til å etablere seg i Møre og Romsdal. Det seier Lene Vadseth Larsgård og John Salthammer i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Berekraftig er tema på den store nyttårskonferansen i Molde i går og i dag. Møre og Romsdal har gått i spissen i arbeidet med å byggje berekraftige kommunar og eit berekraftig fylke. Den nye storkommunen Ålesund har fått en sentral plass i FNs satsing på smarte byer og berekraft. Larsgård og Salthammer roser satsinga, men meiner den må vere konkret og tydeleg.

Lene Vadseth Larsgård og John Salthammer i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL