Hopp til innhold

Felles skuledag for nye Ålesund

Den nye storkommunen Ålesund hadde i dag samling for alle ungdomsskuleelevane. Fem kommunar har blitt til éin, og det blir no arbeidd for å skape møteplassar slik at dei 2500 ungdomsskuleelevane, som før budde i dei ulike kommunane, skal føle eit fellesskap. – I dag ønska vi å skape lokal identitet for alle ungdomane i den nye store kommunen vår. Det er kjempeviktig at alle føler det er her vi høyrer til, seier Linda Beate Hansen i Ålesund kommune.

Den nye storkommunen Ålesund hadde i dag samling for alle ungdomsskuleelevane. Fem kommunar har blitt til éin og no blir det arbeidd for å skape møteplassar. 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL