Hopp til innhold

Glad for at fylkeslegen undersøker

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Bramo fra Frp, roser den tilsette som melde frå om ein pleiar som teipa munnen på ein brukar på ein institusjon i Møre og Romsdal. Ho krev at kommunane tar eit større ansvar for å forhindre vald og overgrep. – Det er veldig alvorleg at psykisk utveklingshemma blir utsett for vald eller overgrep. Eg er glad for at fylkeslegen i Møre og Romsdal tar grep og undersøker denne saka, seier Bramo.

Anne Bramo, Frp
Foto: Trond Lydersen / NRK