Hopp til innhold

Stort behov for skredsikring

Det er behov for skredsikring av fylkesvegane i Møre og Romsdal for over tre milliardar kroner, viser ein rapport frå vegvesenet. Rapporten peikar på 401 skredfarlege stader, der 14 representerer særleg høg risiko. Dei fleste skredpunkta med høg risiko ligg i Stranda og Norddal, og det er to slike punkt i Nesset og eitt i Ørsta.