Hopp til innhold

Uroa over TAF-linje

Kongsberg Maritime i Ulsteinvik er ei av mange bedrifter som er svært uroa over forslaget om å legge ned TAF-linja (teknisk allmennfagleg utdanning) ved Ulstein vidaregåande skule. Fylkestinget skal behandle saka i neste veke. MAFOSS (Maritim forening for Søre Sunnmøre) og Maritimt forum Nordvest har i dag saman sendt eit brev til fylkespolitikarane der dei åtvarer mot å legge ned linja. På bildet ser vi Connie Sand, Aage Falch Gundersen og Filip Andreas Varhaug (4.års TAF-elev) ved Kongsberg Maritime som alle seier at TAF-utdanninga er svært viktig for den maritime klynga på Søre Sunnmøre.

TAF uro ved Kongsberg Maritime
Foto: Arne Flatin / NRK