Hopp til innhold

Prøvetur på Sunnmøre

Hurtigruten sitt nye hybriddrivne ekspedisjonsskip MS Fridtjof Nansen har den siste tida gjennomført prøvetur i fjordane på Sunnmøre. Resultata er svært gode og Hurtigruten set no det avanserte skipet i drift tidlegare enn planlagt.

MS Fridtjof Nansen er saman med søsterskipet MS Roald Amundsen verdas første hybriddrivne cruiseskip. Begge er bygde ved Kleven Verft i Ulsteinvik.

Jomfruturen for MS Fridtjof Nansen var opphavleg planlagd frå Hamburg 1. april 2020. Når Hurtigruten no får skipet levert mot slutten av 2019, har dei bestemt seg for å legge til ei rekkje nye ekspedisjonscruise for det splitter nye skipet før dette.

– Det har gått utruleg bra i haust. Sjølv gjennom ei krevjande og usikker tid ved verftet har vi klart å omstille oss på ein svært god måte, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør ved Kleven Verft.

MS Fridtjof Nansen er her på prøvetur i fjordane på Sunnmøre
Foto: MotionAir / Hurtigruten