Hopp til innhold

Kritisk til ei auke i ferjetakstane

Å auke ferjetakstane vil gjere det tyngre å snu den negative folketalsutviklinga i Møre og Romsdal. Det trur leiaren i transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten (H). Tal frå Statistisk sentralbyrå viser ein nedgang i folketalet i løpet av dei første ni månadane, dersom Ålesund blir heldt utanfor. Fylkesrådmannen har foreslått å auke ferjetakstane for å få 2020-budsjettet i balanse. – Eg meiner at det skal vi vere forsiktig med fordi vi påfører innbyggarane og næringslivet store kostnadar. Ferjene er ein flaksehals, og det kan skape ein barriere mot å bevege seg fritt i fylket, seier Orten.

Helge Orten
Foto: Erlend Hykkerud / NRK