Hopp til innhold

Hylla som førebilete

Moldespissen Ohi Omoijuanfo fekk prisen for å vere årets førebilete under toppfotballen sin fotballfest. Han fekk prisen av fleire grunnar. Etter kampen mot Haugesund sa han tydeleg frå då ein tilskodar viste han fingeren under eit intervju. Omoijuanfo meinte dette var feil med så mange barn til stades. Han blir beskriven som ein gledesspreiar på laget.

Eliteserien fotball 2019, Molde - Strømsgodset.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix