Hopp til innhold

Kritiserer erstatning

Peldyroppdrettarane som må legge ned drifta skal få kompensasjon frå staten. Men ein tidlegare høgsterettsdomar meiner at ordninga er i strid med menneskerettane, skriv avisa Nationen.

– Det er lagt opp til at bønder som har elles like bygningar kan få heilt forskjellig erstatning. Det er uhaldbart og bryt med prinsipet om at inngrep ikkje må skje vilkårleg, seier tidlegare domar i høgsterett, Karl Arne Utgård.

Han meiner forslaget råkar vilkårleg fordi det tek utgangspunkt i bokført verdi, noko som varierer kraftig mellom oppdrettarane.

PELSDYROPPDRETT
Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix