Hopp til innhold

Skred i Tingvoll

Det har gått eit kombinert steinsprang og snøskred på riksveg 70 på Brunneset i Tingvoll. Skredet har treft ein bil som har fått skade på panseret. Ingen personar blei skadde. Vegen er ikkje stengd, men vegvesenet vil sjå på tilhøva når det lysnar. Politiet melder at det ikkje er uvanleg med nedfall frå fjellet på denne staden.