Hopp til innhold

Kjem truleg fleire steinsprang

Lause blokker og steinar må bli reinska vekk frå eit skredløp og ein bergvegg på Glomset i Skodje. Truleg er det også behov for sikring med nett og boltar, skriv smp.no. Tidleg i oktober gjekk eit steinsprang ned til fylkesvegen og ein kjempestein landa like ved eit bustadhus. No viser ein konsulentrapport at det truleg kjem fleire steinsprang.

Steinsprang ved Glomset
Foto: Kristoffer Antonsen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL