Hopp til innhold

Vil utvikle miljøvenlege ullklede

Tingvoll Ull er eit nytt prosjekt med ambisjon om å utnytte råvaren ull av farga pigmenterte sauerasar. Dette er ull som i dag blir kasta, og tonnevis av denne mangefarga ulla berre i vårt område går i dag til spille. Sauebonde Arnar Lyche har fått med seg fleire aktørar i Tingvoll som vil utvikle ei heilnorsk verdikjede som skal produsere kortreiste, miljøvenlege klede av denne ulla frå sauar som har naturlege fargar på ulla.

Saunebonde Arnar Lyche med strikkeklare garn fra gammel norsk spelsau
Foto: Gunnar Sandvik / NRK