Hopp til innhold

– Umusikalsk forslag

Avtroppande ordførar i Norddal, Arne Sandnes, meiner det er umusikalsk å peike på deponi for farleg avfall i eit verdsarvområde. Eit ekspertutval har sett på moglegheita for eit nasjonalt avfallsdeponi i Gudvangen i Sogn og Fjordane, som ligg innanfor Unesco sitt verdsarvområde. – Det er noko veldig umusikalsk over å føreslå å plassere gift her. Eg meiner det er respektlaust og at det vitnar om mangelfull forståing representerer, seier Sandnes, som leier rådet som skal ta vare på det vestnorske fjordlandskapet.

Arne Sandnes
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL