Hopp til innhold

– Arbeidet må halde fram

Stranda og Sykkylven har tatt nokre viktige steg vidare i arbeidet med å få til ein intensjonsavtale om samanslåing, meiner ordføraren i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug (Sp). I går og i dag har lokalpolitikarane i dei to kommunane hatt felles kommunestyremøte. Spørsmålet om arbeidsgivaravgifta blir ei vanskeleg sak, men arbeidet må halde fram, seier Drotninghaug. Ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp), seier det blir avgjerande kva signal kommunalministeren gir om arbeidsgivaravgifta.

Odd Jostein Drotninghaug (Sp), ordfører i Sykkylven.
Foto: Trond Vestre / NRK