Hopp til innhold

 – Det er for seint å snu

Omkamp er ikkje aktuelt for å berge produksjon av Jarlsberg for eksport på Tine sitt anlegg i Elnesvågen i Fræna. Det meiner bondelagsleiar i Møre og Romsdal, Konrad Kongshaug. Fleire bønder har tatt til orde for å halde fram med Jarlsbergostproduksjon i Noreg, sjølv om eksportstøtta forsvinn neste år og Tine flyttar produksjonen til det nye anlegget som er under oppstart i Irland. – Det er for seint å snu og kostnaden har vore for høg, seier Kongshaug, som meiner at ein må sjå framover.

Konrad Kongshaug, fylkesleder i Møre og Romsdal bondelag
Foto: Gunnar Sandvik