Hopp til innhold

Ventar på reserveferje

A-ruta i ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes er framleis innstilt på grunn av tekniske problem med MF Årdal. B-ruta går som normalt. Ei reserveferje er venta i trafikk i løpet av ettermiddagen, og det er håp for at MF Årdal er tilbake i trafikk frå tysdag morgon, melder Fjord1.