Hopp til innhold

«Giftfritt Nesset» fornøgd


Lodve Solholm i aksjonsgruppa «Giftfritt Nesset» er fornøgd med at utvalet som har sett på kvar det skal etablerast eit nytt deponi for farleg avfall, no peikar på fleire alternativ. Utvalet har samrøystes blitt einige om at Brevik i Telemark ikkje lenger er aktuelt, og meiner Raudsand i Nesset er eitt alternativ. Men utvalet peikar også på at det er mogleg å legge det til både Odda i Hordaland og Gudvangen i Sogn og Fjordane. Solholm seier dette er positivt og håper no at det nye kommunestyret i nye Molde går imot planane i Raudsand. Miljøvernminister Ola Elvestuen (V) seier departementet vil ha klar ei tilråding om stad for deponi i god tid før dagens deponi i Oslofjorden skal stenge i 2022.