Hopp til innhold

Vil redusere kloakkutslepp

Eit nytt regelverk som skal redusera utsleppa av kloakk langs norskekysten, er no sendt ut på høyring. Målet er å få dei nye reglane på plass allereie 1. mars 2020. Det er Sjøfartsdirektoratet som har laga eit forslag til nye reglar. – Potensialet for utslepp av kloakk er stort, og forslaget vil innebere ein monaleg reduksjon av utslepp av kloakk og bidra til å ivareta miljø og helse, seier Bjørn E. Pedersen, avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet. Dei foreslår mellom anna å endre grensene for kvar det er lov å sleppe ut kloakk i norsk farvatn. Forslaget rettar seg mot skip med internasjonale sertifikat, uavhengig av byggeår.

Bjørn E. Pedersen, avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.
Foto: Grethe Nygaard / Grethe Nygaard

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL