Hopp til innhold

– Planlegginga tek for lang tid

Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) meiner planlegginga for å få E39 Romsdalsfjorden ferjefri tek for lang tid. Han vil kome i gang med bygginga av Møreaksen så snart som mogleg. – Til meir vi planlegg, til meir kjem argumentet om at «No har de heldt på så lenge, så no må de rykke tilbake til start». Vi kan ikkje stoppe dette prosjektet no, no er det bygging det handlar om, seier Dahl.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK