Hopp til innhold

Bykamp for TV-aksjonen

I dag har representantar for næringslivet i Ålesund, Kristiansund og Molde engasjert seg for å samle inn mest mogleg pengar til årets TV-aksjon. Innsatsen har vore arrangert som ein by-kamp mellom dei tre byane i Møre og Romsdal. Så langt har det kome inn 291.909,- kroner i Ålesund, 236.311,- kroner i Kristiansund og 114.526,- kroner i Molde. Delt på innbyggjartal har det kome inn kr. 9,74 i Kristiansund, 6,08 i Ålesund og 4,24 i Molde. Pengane går til organisasjonen CARE sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokon av dei fattigaste områda i verda.