Hopp til innhold

Ventar avklaring frå spansk verft

Havila Kystruten ventar på ei avklaring av den økonomiske situasjonen ved det spanske verftet Barreras, som skal bygge to av fire nye kystruteskip for reiarlaget. Dei har tru på ei snarleg avklaring av situasjonen som gjer at arbeidet med å bygge båtane kan ta til igjen. Havila Kystruten byggjer to skip i Tyrkia og to skip i Spania. Bygginga i Tyrkia går etter planen. Reiarlaget skal drifte fire skip på strekninga Kirkenes-Bergen frå 2021, og kan risikere dagbøter om dei ikkje overheld kontrakten. Havila Kystruten skriv i pressemeldinga at dei arbeider for å ha på plass ei løysing slik at dei kan overhalde kontrakten og levere trygg og god transport langs kysten på alle dei fire rutene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL