Hopp til innhold

To til sjukehus etter grunnstøyting

To personar blei frakta til sjukehus etter ein båt trefte ei fiskemerde og grunnstøytte ved Kristiansund i 02.20-tida i natt. Det var totalt fem personar i båten. – Den eine skada seg i ei skulder, medan den andre fekk eit kutt i hovudet. Vi veit ikkje korleis grunnstøytinga skjedde, men det er mistanke om at båtførar har ført båt i påverka tilstand, og det er tatt prøve av han, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet. Dei to som hamna i sjøen, skal raskt ha kome seg opp av vatnet og var på land då naudetatane kom til staden. Saka blir etterforska av politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL