Hopp til innhold

– Har lite tid til samordning

Kommunar som skal slå seg saman har svært lita tid til å samordne eigedomsskatten, meiner Huseiernes Landsforbund. Kommunane har frist til sommaren 2021 på å gjere eigedomsskatten lik. Carsten Pihl, kommunikasjonssjef i Huseiernes Landsforbund, fryktar at behandlinga av eigedomsskatten går alt for fort i kommunesamanslåinga. – Kommunane kan kome til å gjere nokre vedtak for fort, slik at dei må gå tilbake på dei. Så vi håper at kommunane klarer å gjennomføre det på ein slik måte at folk får den eigedomsskatten dei skal ha, seier Pihl.

Carsten Henrik Pihl, huseiernes landsforbund
Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK