Hopp til innhold

Forventar endringar i spelarstallen

Aalesund-trenar Lars Bohinen seier nye spelarar vil kome til, og andre forsvinne frå klubben før komande sesong. Laget returnerer truleg til Eliteserien i 2020, men Bohinen håpar at endringane ikkje blir for mange. – Vi veit at det truleg vil kom bod på nokre av spelarane våre. Vi kan alltids seie nei til det, men denne klubben treng også pengar. Men eg håper det ikkje blir for store endringar, slik at eg må bygge opp eit nytt lag igjen. For det har eg gjort i to år no, seier Bohinen.

Lars Bohinen
Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL