Hopp til innhold

Viktig veke for badelanda

Sunnmørsbadet reknar med mellom fire og fem tusen besøkande denne veka. Til samanlikning har dei 1500 på ei "normalveke". Dagleg leiar Karl Petter Sortehaug seier det er no dei tener pengar. Dei har utvida opningstider denne veka i haustferien og merkar allereie no at det er godt besøk. Også badeland i Kristiansund, Molde og Ulstein reknar med godt med folk i haustferien.

Dagleg leiar, Sunnmørsbadet
Foto: Arne Flatin / NRK