Hopp til innhold

Får behandling heime

Helse Møre og Romsdal startar eit prosjekt der fleire pasientar skal få behandling heime i staden for på sjukehus. 30 utvalde pasientar med infeksjon i hjartehinna- eller klaffane, infeksjonar i ledd og beinvev og kronisk lungeinfeksjon skal prøve opplegget. Slike pasientar ligg tradisjonelt opp til åtte veker på sjukehus, men no får dei tryggleiksalarm, og skal to gongar i veka ha videosamtale med ein sjukehuslege.