Hopp til innhold

Kritisk til sukkeravgift

– Det er svært beklageleg at regjeringa ikkje høyrer på kva næringslivet ønskjer, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp). Ho reagerer på at sukkeravgifta på brus blir beheldt i forslaget til statsbudsjett. Dette rammar lokale brusprodusentar som Oskar Sylte i Molde, meiner Klinge. – Det fører til dårlegare vilkår for norske saft- og brusprodusentar. Oskar Sylte har sjølv har vore tydeleg på at dette truar arbeidsplassar lokalt, og dette gjeld fleire stadar i landet, seier ho.

Senterpartiets landsmøte 2017.
Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix