Hopp til innhold

Får dagbøter på grunn av lakselus

Oppdrettsselskapet Mowi får dagbøter på over 330.000 kroner frå Mattilsynet, skriv Sunnmørsposten. Grunnen er at selskapet ikkje har kontroll på lakselusa på anlegga dei har ved Rønstad i Volda og Voldsneset i Herøy og Sande. Mowi seier det kan ende med at dei må slakte all laksen, for å bli kvitt problemet. I tillegg har det også rømt ein del laks frå anlegga, og selskapet må også drive gjenfangst av desse.