Hopp til innhold

Forsvinningssaka for retten

I dag startar rettssaka mot ein 38 år gamal ungarar som tiltalt for å ha fabrikkert bevis i si eiga forsvinning. I juni i fjor blei det sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter mannen, som seinare dukka opp i Frankrike. Ifølge tiltalen frå Romsdal tingrett skal mannen ha planta sitt eige blod og knust glas heime hos seg, og lagt igjen ein konvolutt med det som skulle vere "bevis" mot eit ektepar, som seinare blei sikta for forsvinninga. Det er sett av fire dagar til rettssaka, og begge partar ber om lukka dører, seier dommar Oddne Hansen.

Dommer Oddne Hansen - rettssak russeulykken molde
Foto: Ivar Lid Riise / NRK