Hopp til innhold

Skal teste videolegevakt

Ny storlegevakt i Molde for 8 kommunar startar først når nye Molde kommune er i gang frå nyttår. Aukra, Midsund, Eide, Fræna, Molde, Nesset, Rauma og Sunndal er med i samarbeidet. No framover testar dei korleis videolegevakt frå satellittar ute i kommunane vil fungere opp mot den felles storlegevakta lokalisert i Molde. – Videolegevakta er alltid open når legevakta eller fastlegane i distrikta ikkje er tilgjengelege, seier prosjektleiar, assisterande kommuneoverlege i Molde, Signe Friborg Hjort.

Videolegevakt i Molde
Foto: Gunnar Sandvik/NRK