Hopp til innhold

Ny skule skal vere på plass i 2023

– Både ny symjehall og ny ungdomsskule i Volda skal ha høg prioritet. Det seier påtroppande ordførar i nye Volda kommune, Sølvi Dimmen (Sp). Forrige veke var elevane på ungdomsskulen nøydde til å gå sikksakk mellom vassdammar, fordi regnet lak inn. I vår blei symjehallen stengd, og FAU fryktar at dette prosjektet skal føre til atter ei utsetjing for nytt skulebygg. Dimmen seier arbeidet skal gå så fort som råd. Den nye ungdomsskulen er planlagt å vere klar i 2023.

Sølvi Dimmen
Foto: Arne Flatin