60 får opplæring i søk og redning
Rundt 60 kvinner og menn får denne helga opplæring i søk og redningsarbeid på Ørskogfjellet. Røde Kors Hjelpekorps utdannar stadig nye medlemmer, slik at dei kan vere med under redningsaksjonar, og tel no over 500 godkjende hjelpekorpsmedlemmer. Så langt i år har hjelpekorpsa vore kalla ut til 87 redningsaksjonar i fylket.