Hopp til innhold

Tar opp kampen mot telegigantane

Eit mobilselskap i Ålesund satsar stort og vil utfordre gigantane Telenor og Telia i mobilmarknaden. Direktør Christian Pritchard seier at selskapet Nortel har håp om å nå ein stor andel av næringslivskundane i landet frå kontora sine på NMK i Ålesund. Gründeren meiner Telenor og Telia har blitt for trauste, og seier at Nortel skal levere betre og billegare løysingar til bedrifter over heile landet.

Christian Pritchard
Foto: Tore Ellingseter / NRK